SUKKERSTEIN
Tekst og Foto: Heidi Bjørnsdotter Thorvik
Dette vesle produktet dukka opp på Designernes eget julemarked på DogA (Design og arkitektursenteret) i Oslo for fleire år sidan. På ein liten stand, litt anonym mellom meir fargesprakande naboar, lyste sukkersteinane mot meg! Estetiske, dekorative og praktiske! Maria Ianke er først ut i vår presentasjon av favorittkeramikarar.
Maria er oppteken av kontrastane mellom den grove steingodsleira og glasert porselen. Ho finn inspirasjon i naturen og i stein heilt enkelt! Maria seier ho liker det overraskende med at steinen kan gøyme ein skatt, som i form av sukker. Det liker me også!
Maria er utdanna faglærar i kunst og håndverk med master frå same felt, og arbeider som pedagog i kunstbarnehage. I tillegg driv ho som keramikar, og er knytta til verkastaden Liv i leire. Ho lager framleis dei nydelege sukkersteinane pluss små skåler og smykker. Er du interessert i å vite meir kan du gå inn på nettsidene hennar!