Slow Design Studio

View Original

DEN VESLE GÅVA MED DET STORE HJARTET

Av: Heidi Bjørnsdotter Thorvik

Jørgen Øverbye er lærar og friluftsmann. Han finn energi i naturen og spikkekniven er ofte med. Han meiner sjølv det starta med samekniven han fekk i dåpsgåve. Så snart han var stor nok vart kniven fast turfølge. Storebror var læremeister og saman spikka dei våpen, stokkar, fløyter og anna dei kunne leike med. Jørgen tok opp igjen spikkinga i vaksen alder, då han fekk barn. Han spikka reiskap og figurar. Ein periode laga han vinkorkar av figurane som også vart solgt. Den nydelege, vesle figuren med det store hjartet var ei gåve han laga til eit av barna sine. Favorittmaterialet er einer. Lukta og dei fine årringane gir ei eiga glede, seier Jørgen.

Som lærar har Jørgen spikka mykje på tur med elevar. Han fortel at det er magisk å sjå barna sine reaksjonar når dei for første gong klarer å løsne barken frå veden og sidan får lyd i pinnen! Folk som Jørgen held liv i dei gamle tradisjonane. Som kanskje vekker ein gnist hos andre til å ta kunnskapen vidare. Det fortener heder og ære.

∞ 

Heidi Bjørndsotter Thorvik ivaretar tradisjonelle håndverksteknikker gjennom produkter hun lager av natur- og gjenbruksmaterialer under navnet VØLT. Hun har en unik materialforståelse som gir tingene hun lager et helt særegent uttrykk. Det gjør produktene hennes til vakre historier i seg selv. Heidi jobber i tilegg som kunst og håndverkslærer i Oslo skolen. Heldige er de barna som får utforske kunst og håndverksfagene i regi av Heidi.  Du kan bli bedre kjent med Heidi og produktene hennes på vølt.no